Mat og drikke – sommaren 2026 på Eivindvik Brygge
Mat, møtestad og liv på gamle Sandalskaia
Sommaren 2026 inviterer Eivindvik Brygge til liv og aktivitet på Gamle Sandalskaia.
I år samlar vi aktivitetane på kaiområdet, i og rundt butikken, og ønskjer både fastbuande, hyttefolk og tilreisande velkomne til gode sommaropplevingar ved sjøen.
Sommerteltet blir ein naturleg møteplass gjennom heile sommarsesongen, med servering av mat og drikke, sosialt samvær og ulike aktivitetar for både store og små. Her kan du slå deg ned, nyte sommardagane og oppleve den gode stemninga på bryggja.
Under Fotball-VM vil vi vise kampane på storskjerm i sommerteltet, slik at både fotballentusiastar og andre kan samlast for å følgje meisterskapet i godt lag.
Målet er å skape ein levande og inkluderande møteplass der folk kan møtast, slappe av og ta del i sommarlivet i Eivindvik. Enten du kjem frå Gulen eller er innom på reise, håpar vi du tek turen innom.
Vi gler oss til ein innhaldsrik sommar og til å ønskje både kjende og nye gjester velkomne til Eivindvik Brygge.
Arrangement og sommaraktivitetar 2026
Eit av dei store satsingsområda denne sommaren er VM-feberen i juni og juli. I tillegg planlegg vi fleire arrangement og sosiale aktivitetar i sommarteltet.
Oppdag alt som skjer på bryggja i sommar! Her finn du informasjon om aktivitetar, arrangement og servering av mat og drikke i sommerteltet
Bli med på fotballfesten i sommerteltet! Sjå kampoppsett og finn informasjon om Fotball-VM på storskjerm her
For å halde deg oppdatert og ikkje gå glipp av noko – følg med på:
Heimesida vår
Her deler vi informasjon så snart nytt er klart.
Servering, arrangement eller grupper
Er de ei større gruppe som ønskjer servering og/eller møterom for inntil 30 personar, er de hjarteleg velkomne til å ta kontakt.
Send e-post til booking@eivindvikbrygge.no, eller ring oss på +47 91 90 98 04 – legg gjerne igjen telefonnummer, så tek vi kontakt.