Overnatting i Eivindvik
Vi har 14 overnattingsrom for utleige året rundt. I høgsesongen, frå juni til august, har vi 22 dobbeltrom. Her kan ein sove seg til nye krefter i eit fredeleg miljø.
NB! Dersom det ikke er tilgjengelege rom på nettstaden, send oss gjerne ein mail på booking@eivindvikbrygge.no, så kan det hende vi klarer å ordne rom til deg likevel.
Praktisk info
Komfortable rom med alt du treng
Romma våre er utstyrte med komfortable senger, eige bad, skrivepult, vasskokar, ei lita sittegruppe og klesskap. Vi tilbyr ikkje TV-kanalar, men alle gjestar har gratis og stabil Wi-Fi.
Som gjest får du òg tilgang til eit felles kjøkken i same bygg, med steikeomn, platetopp, kaffitraktar, oppvaskmaskin og enkelt kjøkkenutstyr.
Gode rabattordningar
Pilegrimar får 10 % rabatt på heile opphaldet.
Ved booking av fem netter eller meir, eller fem eller fleire rom, får du 10 % rabatt.
Ved booking av ti netter eller meir, eller ti eller fleire rom, får du 15 % rabatt.
Rabattar blir lagt inn manuelt – ta kontakt på booking@eivindvikbrygge.no for å få rett pris.
Innsjekk og avbestilling
Innsjekk er etter kl. 15.00, og utsjekk er før kl. 11.00.
Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer tidleg innsjekk eller sein utsjekk.
Ved avbestilling seinare enn 24 timar før innsjekk, må rommet betalast i sin heilskap.
Lett tilgjenge for alle reisande
Rommene passar for alle – om du kjem til fots, i bil eller med hurtigbåten frå Bergen eller frå Sogn/Nordfjord.
Treng du transport til eller frå hurtigbåten? Send oss ein e‑post på booking@eivindvikbrygge.no.
Raskare svar?
For umiddelbar hjelp med booking, ring oss på 919 09 804.
Me anbefaler å bestille nokre dagar i forkant. Med 14 rom og fleire langtidsbuande kan det vere lurt å vere ute i god tid.
Pris for overnatting
Enkeltrom: 1 375 kr.
Dobbeltrom: 1 750 kr.
I perioden 15.mai -31/8
Enkeltrom 1 425 kr.
Dobbeltrom 1 825 kr.
For eit tillegg på 149 kroner vert frukost levert på døra i sommarsesongen.
Send oss gjerne ein e-post om du har spørsmål: booking@eivindvikbrygge.no