Overnatting i Eivindvik

Me har 14 doble soverom for utleige året rundt. I høgsesongen frå juni til august har me 22 dobbeltrom. Her kan ein sove seg til nye krefter i eit fredeleg miljø.

Romma er utstyrt med komfortable senger, bad, skrivepult, vasskokar, lita sittegruppe og klesskap. Det er dessverre ikkje tv-kanalar på romma, men alle romma har trådlaust internett. Er du pilegrim får du 10 % rabatt på oppholdet. Pris for overnatting er:

Enkeltrom: 1 250 kr.

Dobbeltrom: 1 590 kr.

For eit tillegg på 100 kroner vert frukost levert som ein frukostpakke på døra i sommarsesongen og etter avtale utanfor sesong. Ein kan velje mellom to ulike frukostpakkar der den eine inneheld havregraut og den andre påsmurt baguette. I begge pakkene følgjer det med ein liten juice. Pakkane kan tilpassas ved laktose- og/eller glutenallergi.



Desse romma kan sjølvsagt også nyttast av alle reisande, om du kjem til fots, med bil eller dersom du kjem med hurtigbåten frå Bergen eller frå Sogn/Nordfjord.

Dersom du treng transport t/r hurtigbåten, ta kontakt med oss på booking@eivindvikbrygge.no*. Vi vil anbefale deg kollektivtransport dersom det korresponderar med din avgang, eller vi kan booke transport for deg med Gulen Taxi. Dei køyrer deg mellom Eivindvik og Sollibotn for 300 kroner, eller mellom Gulatinget og Sollibotn for 500 kr.

*E-posten vert sjekka ein gong i døgnet utanfor høgsesong og vi ringer deg opp om du ynskjer det, berre legg igjen telefonnummeret ditt i e-posten.