Kontor- og møtelokale
Ledige kontorplassar midt i Eivindvik
Eivindvik Kontorbygg har fleksible kontorplassar for leige – anten du treng ein dag, ei veke, ein månad eller ønskjer langtidsleige. Hos oss blir du ein del av eit triveleg næringsfellesskap med tilgang til møterom, lunsjrom og fullt utstyrt kjøkken.
Møtelokale til leige
Vi leiger også ut funksjonelt møtelokale med kapasitet til inntil 35 personar. Her kan du samle deltakarane i rolege og trivelege omgjevnader. Vi tilbyr pakkeprisar som inkluderer leige av lokale og enkel møtemat.
Kontorlokale
Kontorlokale til leige midt i bygdesenteret vårt, med sjøutsikt og kort veg til kajakk, båt og fjellturar.
Heilt ytterst i Sognefjorden finn du oss. Plassert i ei lun vik, med sjøen, fjellet og fjorden rett ved. Her kan du finne roa, sjølv på kontoret. Eivindvik kontorbygg har pussa opp eit lokale med åtte kontorplassar. Her ynskjer me å skape eit kontorfellesskap for deg som har ein liten arbeidsplass og ønsker å vere ein del av eit fellesskap, for deg som sit på heimekontor, eller for deg som vil flytte kontoret til ein ny lokasjon.
Lokalet har til nå fungert som ein delt arbeidsplass mellom fleire bedrifter og ansatte som vanlegvis ville hatt heimekontor nokre dagar i veka, eller heile veka. Her kan du leige på langtidsbasis, og for enkeltdager, sjå Drop in-kontor.
Drop-In
Vi tilbyr utleige av drop in-kontor, leige av kontor på dagsbasis. Pris per dag er kr 250. Prisen inkluderar også dagspass i Helsebanken, vårt treningsstudio.
Ta kontakt på booking@eivindvikbrygge.no for booking.
Ta kontakt om det frister å bytte ut byen med sjøutsikt og kortare reiseveg til kontor, fjellturar og båtlivet. Les artikkelen hjå NRK om fjernjobbing på Hovden her, og bli inspirert til å gjere det same i vår vestlandsbygd.
Fasilitetar
Sju av åtte kontor har sjøutsikt. Tre av desse ser mot innseglinga til Eivindvik. Kontorlokala er plassert midt i Eivindvik sentrum, eit steinkast frå eit nyoppretta treningssenter, matbutikk og med parkering rett utenfor inngangsdøra.
Kontora har kontorpultar og kontorstolar. Dei er per dags dato ikkje utstyrt med skjermar. Lokalet innehar eitt møterom med bord og åtte stolar, ein kjøkkenkrok med kjøl, frys og oppvaskmaskin, printer, to toalett og ein sofakrok ved inngangspartiet.
To av kontora er så store at dei kan passe for to personer i ein felles bedrift. Det er mogleg å leige eit eller fleire kontor, avhengig av om du kjem "åleine" eller med ein bedrift. Tilpasningar til kontora kan gjerast.
Kontakt
Ta kontakt på e-post, post@eivindvikbrygge.no, for en visning av lokala eller pris for leige, eller legg igjen telefonnummeret ditt for ein prat om kva du treng på ditt kontor.
Møtelokale
Hos oss kan du leige møtelokale. Vi har kapasitet til å arrangere møter for opptil 40 personar, og tilbyr pakkepris for leige av lokale og enkel møtemat.
Prisane gjeld for inntil 10 personar, og det kjem eit tillegg på kr 500 for per ytterlegare 10.
Møterom og møtemat (kaffi, te, frukt, kjeks o.l.) kr 2000
Brus 49 kr pr. stk.
Bollar 30 kr pr. stk
Kaffimaten vert sett fram i lokalet før møtet startar. Ved ønskje om servering undervegs i møtet kjem eit tillegg på kr 350 i timen. Dette må avtalast på førehand.
Ved møte holdt i sesong er det mogleg å bestille pizza fra vår meny, sjå under “Restaurant” på startsida vår.
Ta kontakt på post@eivindvikbrygge.no for å booke.