Hamn og handleri

Midt mellom historie, kvardagsliv og fjordlandskap ligg Eivindvik si hamn og handleri – ein stad der tradisjonane sit i veggane, og der nye møteplassar og moderne tenester no veks fram. Her møtest fastbuande, fritidsfolk og tilreisande i eit levande sentrum tett på sjøen.

Eivindvik har i generasjonar vore eit naturleg sentrum for folk frå øyane og bygdene i Gulen. Hit kom ein for å handle, ordne ærend og møte andre. Rundt år 1900 kom den første rutekaia på plass, opphavleg bygd for dampskipa til Fylkesbaatane – og Eivindvik vaks fram som eit viktig bindeledd mellom fjord og folk.

Staden husa både lekjar, lensmann, prest og fleire sentrale funksjonar, og vart eit livleg knutepunkt for rutebåttrafikken. På tidleg 1900‑tal tok familien Peder R. Sandal til å satse på handel, og la grunnlaget for Eivindvik som handelsstad gjennom fleire tiår.

I dag er det ikkje lenger lensmann og bank på kaia, men Eivindvik er framleis eit naturleg samlingspunkt for fastbuande, hyttefolk og tilreisande. Du finn både offentlege og private tenester i gåavstand frå kaia.

Varehandelen skjer framleis frå butikken nede ved sjøen, og frå 2026 er det Eivindvik Brygge Handleri AS som tek over drifta. Visjonen er å vidareutvikle møteplassen – gjere aktivitetane meir tilgjengelege for alle, styrke lokal identitet og tilby ei moderne, berekraftig form for varehandel i historiske omgjevnader ved fjorden.

Eivindvik gjestehamn

Gjestehamna i Eivindvik ligg godt skjerma for vær og vind. Her er to flytekaier med lengder 40 og 35 meter, i tillegg til kaifront for større båter og bunkring.

Vi kan tilby strømuttak, vatn og drivstoff, i tillegg til enkelt sanitæranlegg med vaskemoglegheiter.

Hamneleige

  • Inntil 20 fot: 100 kr per døgn

  • Over 51 fot: 270 kr per døgn

  • Straum: 60 kr i inntil 1 døgn

  • Betaling via GoMarina og Vipps

Matbutikk

I sjølve hamna ligg også daglegvarebutikken i Eivindvik, Spar Eivindvik. Sparbutikken har eit godt utval av daglegvarer, utvalg av jernvarer, gåveartiklar, fiskeutstyr og båtutstyr. Den inneheld også post, bank, tipping og apotekutsalg.

For meir info og opningstider, sjå her.

Drivstoff & ladestasjon  

Det er bensin- og dieselpumpe på kaia, med moglegheit for å fylle tanken på både båten og bilen. Det er også ladestasjonar for bil på kaia.

Butikk

I sjølve hamna ligg også daglegvarebutikken i Eivindvik, Spar Eivindvik. Sparbutikken har eit godt utval av daglegvarer, utvalg av jernvarer, gåveartiklar, fiskeutstyr og båtutstyr.

Butikken og kaiområdet vert oppussa i 2026. Det vert satsa på eit godt utval av varm mat, spesielt i sesongar med mykje tilreisande.

Den inneheld også post, bank, tipping og apotekutsalg.

Her er noen av dem som vil hjelpe deg til ein hyggeleg handleopplevelse:

Anne

Hedda

Vidar

Malin

Rune

Trym

Atle

Sirianne