Aktivitetar i området
Fjellturar
Opplev noko av det vakraste Vestlandsnaturen har å by på – rett frå Eivindvik sentrum.
Her får du korte avstandar til spektakulære fjell, storslått utsikt og eit variert utval av turar som passar både erfarne fjellvandrarar og dei som berre ønskjer ein frisk pust i naturen.
Vil du på lengre turar?
Rundturen Ormekletten–Svafjellet–Flolidfjellet byr på flotte kontrastar og panoramautsyn mot både hav og fjord. Klassikarane Brosviksåta og Kvitebergnova er turar som stadig overraskar – med utsikter så vakre at ein undrar seg over at dei ikkje er meir kjende.
Føretrekk du korte og lett tilgjengelege opplevingar?
Kjerringnova og Mikkelfjell er perfekte val når du vil ha ei stor naturoppleving på kort tid. Desse turane er populære nettopp fordi dei gir mykje for innsatsen.
Eivindvik er frå naturens side eit perfekt utgangspunkt for både små og store fjelleventyr – året rundt..
For deg som er med i Fjelltoppjakten
Ut frå Eivindvik kan du enkelt nå ei rekkje toppar og samle poeng medan du utforskar nokre av dei mest unike landskapa i regionen.
Ro- og padleruter
Gulen kommune har vore med i eit prosjekt via Vestland fylkeskommune for å kartlegge og gradere ro- og padleruter
Dagsturhytta i Gulen
Det er en fin tur å gå frå Eivindvik Brygge til Dagsturhytta i Gulen.
Frisbee-golf
10 min å gå frå Eivindvik sentrum, hovudsakleg på fine turstiar kan du ta med venner og familie å spele Frisbee-golf.
Kystpilgimsleia i Eivindvik
Opplev Gulatinget - ein nykkelstad langs kystpilegrimsleia. Ei vandring langs vakker kyst med skjær, holmar, fjell og rik historie.