Kystpilegrimsleia

Kystpilegrimsleia er ei historisk ferdselsåre som startar i Egersund og endar ved Nidarosdomen i Trondheim.

Eivindvik, med Gulatinget, er ein nykkelstad langs kystpilegrimsleia, ei vandring langs vakker kyst med skjær, holmar, fjell og rik historie.

Eivindvik brygge tilbyr overnatting heile året, der pilegrimar får 10 % rabatt på besøket. Spør om alt frå transport, båtruter og guiding - vi er godt kjend og hjelper deg gjerne i planlegginga.

Ein nykkelstad langs kystpilegrimsleia

Nykkelstadene har blitt valt ut fordi dei har ein særegen historisk, tradisjonell og kulturell verdi. Eivindvik tilbød ein lun hamn langs ruta til Trondheim og med Gulatinget var det plassen for eit av dei eldste regionale tinga frå vikingtida.

I dag står Tusenårsstaden til minne om tinget som gav oss Gulatingsloven, den eldste bevarte lovsamlinga i Norden. I parken på Flolid, tusenårsstaden, kan du oppleve Bård Breivik sine monumentale kunstverk, og du kan fylgje kulturvandring digitalt.

Somarstid er det guiding på staden nesten kvar dag, og for større grupper kan dette bookast gjennom gulatinget.no.

Meir om Gulatinget

Gulatinget danna utgangspunkt for at Noreg vart ein demokratisk rettsstat med eit styresett basert på representative samlingar. På Tusenårsstaden Gulatinget finn du ein vakker park som innbyr både til ettertanke, til læring og til aktivitet - tett på kunst, kultur og natur. Her vandrar du på staden Egilsagaen fortel at Gulatinget vart flytta til.

Tusenårsstaden er open for publikum heile året, og tilbyr guida omvisning og lunsj for grupper etter avtale. Omvisningane på Tusenårsstaden Gulatinget gjev ei innføring i historia knytt til Gulatinget, Gulatingslova og Leidangen, samt kunstverka til kunstnaren Bård Breivik. Gulatinget er ein møteplass for store og små og ein arena for leik, utfalding og kulturelle opplevingar. Les meir her.

Reise hit utan bil?

Anbefalinga frå oss er å ta hurtigbåt frå Bergen til Sollibotn. Båten har to daglege avgangar og du finn ruta på norled.no.

Etter avtale kan me plukke deg opp på kaia eller hente bagasjen din slik at du kan gå langs vår fine turveg som tar deg heile vegen frå hurtigbåtkaia til dei historiske steinkrossane, kyrkja og Eivindvik sentrum, kor du også finn Eivindvik brygge.

Tilbring gjerne ein natt hjå oss før du vandrar, eller avtalar transport til kaia for hurtigbåten, som kan ta deg vidare til neste stopp langs leia. Det er også mogleg å reise vidare til Rutledal kor ferja tek deg over til neste nykkelstad; Hyllestad. Hurtigbåten vidare nordover er også eit godt, og behageleg, alternativ.

Les gjerne meir om Gulatinget og kystpilegrimsleia.

Reise hit med bil?

Om du kjem med bil, er Eivindvik ca. 2 timar køyretid nord for Bergen. Du kan ta ferje på sambandet Leirvåg-Sløvåg, eller køyre via Brekke og få ein tur langs Sognefjorden på vegen hit. Ein spesiell reise med unik utsikt, på svingete vestlandsveger.

Stien til Dagsturhytta. Film laga av Eivindvik idrettslag.

Film laga av Eivindvik idrettslag.

Prestegardsstien del 1

Fyrste del av turstien går mellom eit byggefelt i Eivindvik og hurtigbåtkaia.

Prestegardsstien del 2

Del to av turstien tar deg frå byggefeltet og til Gulen kyrkje. Du går langs den historiske steinmuren og forbi den eine steinkrossen.