Fotball VM 2026

Fotball-VM 2026 nærmar seg, og vi gler oss til å invitere til store fotballopplevingar i sommarteltet. Alle kampane blir viste på storskjerm, slik at du kan følgje meisterskapen i godt lag med mat, drikke og god stemning.

Vi viser alle kampane som går innanfor dei ordinære opningstidene våre. I tillegg har vi fått løyve til å halde ope for å vise alle kampane til Noreg, også når dei går utanfor ordinær opningstid.

Dette gjeld òg i sluttspelet. Alle sluttspelskampane blir viste dersom dei går innanfor opningstidene, og kampane blir òg viste utanom opningstid når Noreg er eitt av laga på bana.

Ta med familie, vener og fotballinteresserte naboar, og bli med på VM-festen i teltet. Vi ser fram til mange spennande kampar, store augneblinkar og forhåpentlegvis mykje å jubla for!

Ver gjerne ute i god tid, då vi må stengje dørene når lokalet er fullt. Vi tek ikkje lenger i mot førehandsreservasjonar, det vert førstemann til mølla.

Vel møtt til Fotball-VM 2026!

Noreg har imponert.

Det er inspirerande å sjå innsatsen, samhaldet og idrettsgleda som fotballandslaga viser.

I sommarteltet har stemninga vore heilt magisk! Gjestene våre skaper eit fantastisk fellesskap og spreier ekte glede, engasjement og entusiasme gjennom kvar kamp.

Vi håpar du vil vere med vidare for å kåre verdsmeistrane. Følg VM-kampane saman med oss og opplev den gode stemninga gjennom heile meisterskapen.

Komande kampar:

⚽ Lørdag 18. juli –Bronsefinale

Frankrike og England kl 23:00

⚽ Søndag 19. juli - Finale


Spania-Argentina kl 21:00

📢 Følg oss på Facebook for løpande oppdateringar om kampvisingar, opningstider og arrangement.

Velkomen til fortsatt VM-fest i sommarteltet ⚽

Kamper og åpningstider