Eivindvik brygge – ein stad folk møtest, trivst og vender tilbake
Hamn og handleri
Frå 2026 blir gjestehamna og butikken drivne av dei lokale initiativtakarane bak Eivindvik Brygge. Her står service, tilgjengelegheit og gode augneblikk i sentrum. Området er i utvikling – bli med og skap stunda saman med oss undervegs!
Treng du ein god arbeidsplass? Du kan leige kontor for ein dag eller ein lengre periode. Vi tilbyr også møterom for grupper på inntil 30 personar
Daglegvarebutikken utvidar opningstidene og leverer varer til aktivitetane som skjer på området. Målet er å skape ein levande og triveleg møteplass for både gjester og fastbuande.
Overnatting
Eivindvik Brygge tilbyr komfortabel og sentral overnatting – perfekt for både kvile, opplevingar og jobbreiser. Her bur du i romslege rom med gode senger, og har nær tilgang til både sjø, fjell og alt som skjer i bygda.
Opphaldet ditt blir ekstra enkelt og behageleg gjennom vårt fellesvirke med daglegvarebutikken som har eit breitt vareutval og eiga varmmat-disk.
Her ligg det meste til rette for eit praktisk, triveleg og problemfritt opphald i vakre Eivindvik.
Aktivitetar
Eivindvik og resten av Gulen byr på eit stort spekter av naturopplevingar – året rundt. Her kan du ta turar i skog, på kyststiar eller opp på eitt av dei mange fjella som ventar på å bli bestege. For dei som jaktar fjelltoppar, er området ein rein leikeplass, med fleire høgder og utsiktspunkt å samle på. Her finn de også Dagsturhytta i Gulen.
Sjøområdet er like spanande: Utforsk kartlagde padleleider, nyt late dagar på sandstrender, spel frisbeegolf eller prøv fiskelykka.
For arrangerte aktivitetar, må de følge Eivindvik Brygge under aktuelt, på Facebook eller Instagram.
Trening
Har du lyst til å kome i gong med trening, halde forma ved like eller berre finne eit pusterom i kvardagen? I treningsstudioet vårt finn du eit roleg og innbydande miljø der alle kan kjenne seg heime – uansett nivå.
Frisør
Ønsker du profesjonell eigenpleie i flotte lokale. Av den prisvinnande frisøren kan du få klipp, farge og anna hårpleie. Her kan du få ei oppleving som kombinerer kvalitet, ro og fagkunnskap, ei velvære som varer lenge
Kystpilgimsleia i Eivindvik
Opplev Gulatinget
- ein nykkelstad langs kystpilegrimsleia
Ei vandring langs vakker kyst med skjær, holmar, fjell og rik historie.
Kva skjer?
Det skjer mykje forskjellig i Eivindvik. For oppdatert informasjon om kva som skjer her hos oss, sjekk ut våre Facebook-sider