Osteopat Jonas K. Wolfgang har fått ein strålande mottaking i Eivindvik, og trivst svært godt blant menneska han har møtt her.
Etter gode erfaringar så langt, har vi blitt einige om at Jonas kjem til Eivindvik annakvar laurdag ut året. Deretter vil vi vurdere vegen vidare ut frå interessa og behovet.
Neste behandlingsdag er laurdag 31. oktober. Mange har allereie nytta seg av tilbodet om osteopatbehandling denne månaden. Tilbakemeldingane har vore svært gode.
For å kunne hjelpe flest mogleg har Jonas opna for å utvide arbeidsdagen ved behov. Difor er det mogleg å bestille time heilt fram til kl. 20.00.
Har du plager i musklar eller ledd, eller ønskjer du berre å få kroppen til å fungere best mogleg i kvardagen, kan ein konsultasjon hos osteopat vere vel verdt å prøve.
Har du spørsmål, kan du sende SMS til 415 50 106 eller ringe direkte til Jonas. Booking kan du gjere her !