Badstue
Book drop-in eller leig heile badstua - maks 6 personer.
Saman med Bøvågen Service ønskjer vi deg velkomen til ei herleg badstueoppleving. Her kan du nyte ei 55-minutts sjølvstyrt økt med kontrastterapi – der du vekslar mellom den lune varmen i den vedfyrte badstua og det friske sjøbadet, for dei som ønskjer det.
Badstua har plass til opptil seks personar, og passar like godt for aleinebruk som for vennegjengar og små grupper. Du vel sjølv om du berre vil bruke badstua, eller om du også ønskjer å bade før, etter – eller undervegs i – økta.
Privat leige: kr. 690,- pr time
Drop-in: kr 169,- pr. time
Book badstova lenger ned på sida
Meir om badstova
Badstova står på kaien, med kort veg til gode bademuligheter.
Vi tilrår å sitje om lag 10 minutt i badstua om gongen. Legg gjerne ei ause vatn på steinane for meir varme og damp. Veksle mellom varme og kulde slik det kjennest rett for deg, og opplev dei mange fysiske og mentale fordelane ved kontrastterapi.
Bøvågen Service AS leiger ut og sel badstuer til idrettslag, hyttefelt, nabolag, næringsdrivande med fleire. Dersom de, etter å ha testa badstua hjå oss, ønskjer prisinformasjon om leige eller kjøp, tek vi dykk gjerne vidare til rett kontaktperson hos Bøvågen Service AS.
Booking mogleg frå 28. februar
Vi opnar bookingen tysdag 24. februar, då kan du booke frå laurdag 28.
Når du har booke tid, vil du få en bekreftelse på e-post. Vipps korrekt betaling til #699688 Eivindvik Brygge. Hugs å velge riktig kategori (drop-in 169,- eller privat leige 690,-)
Badstueøkter kan i første omgang bestillast kvar heile time, torsdag til søndag kvar veke, fra kl. 14.00, og siste booking er kl. 18.00. Ønskjer du å booke utenom dette tidsrommet, kan du sende ein SMS til 91 90 98 04.
Kvar økt varer i 55 minutt, slik at badstua er klar igjen til neste booking som startar påfølgjande heile time. Fyll på ved når de forlet badstua om du ikkje har siste timen.
Ved booking får de kode til nøkkelskap.
Det er òg mogleg å ta kontakt for booking av badstua utanom dei faste tidene. Merk at ein då må fyre opp badstua sjølv. Då må ta kontakt med oss direkte.
Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt med oss via:
📧 post@eivindvikbrygge.no
📞 +47 91 90 98 04
Book her
Betal med vipps #699688
Book badstu ved å velje drop-in eller om du ønskjer å leige heile badstua.
Badstueøkter kan i første omgang bestillast kvar heile time, men du kan gjerne velje to timer etter kvarandre om du ønskjer meir tid.
Etter du har booka og betalt, vil du få en bekreftelse på e-post.
Når du har booke tid, vil du få en bekreftelse på e-post.
Vipps korrekt betaling til #699688 Eivindvik Brygge. Hugs å velge riktig kategori (drop-in 169,- eller privat leige 690,-).
Reglar for bruk av badstue og bading
Ved kjøp av billett stadfestar du at du har lese, forstått og godteke følgjande vilkår (oppdatert februar 2026):
Bruk av badstua og bading skjer fullt og heilt på eige ansvar. Du må ikkje bade åleine. Vi har ikkje livreddarar. Gjer di eiga vurdering av kva som er trygt for deg og dei du er ansvarleg for, før du nyttar fasilitetane.
Dersom du, eller dei du har omsorg for, ikkje kan symje, må redningsvest (medbrakt av dykk sjølve) nyttast til ei kvar tid i sjøen. Dette skjer på eige ansvar.
Søk medisinsk råd før bruk av badstue og bading dersom du har eksisterande helseplager. Den høge temperaturen i badstua og den låge temperaturen i sjøen – sjølv om sommaren – kan vere belastande for kroppen. Du er sjølv ansvarleg for å kjenne eigne fysiske grenser.
Badstua er berre for personar frå 16 år og oppover. Personar i alderen 16–17 år må vere i følgje med forelder eller føresett.
Bruk eit handkle å sitte på i badstua.
Hund er ikkje tillatt i badstua.
Fotografering eller filming til privat bruk må ikkje inkludere andre personar utan samtykke.
Vis omsyn til medbadarar, dyreliv og omgjevnader.
Ver varsam ved hopping i sjøen etter badstuebruk, då den store temperaturforskjellen kan påverke kroppen.
Røyking og rusmidlar er ikkje tillate inne i badstua.
Alt avfall skal takast med heim.
Ved torevêr og lyn gjeld 30–30-regelen: Start å telje til 30 når du ser eit lyn. Dersom du høyrer torebrak før eller ved 30 sekund, er uvêret nær nok til at lyn kan slå ned, og det er for farleg å bade. Vent deretter minst 30 minutt etter siste synlege lyn før du går i vatnet igjen.
Eventuelle problem skal meldast til ein tilsett, eller ring 📞 +47 91 90 98 04
Alle billettar er ikkje-refunderbare. Billettar kan overførast til andre dersom du ikkje har høve til å møte sjølv.
Brot på reglane kan føre til at du blir beden om å forlate området, utan refusjon.
Bading og badstue under graviditet
Det finst lite kunnskap om tryggleiken ved bruk av badstue og friluftsbading under graviditet, og kva verknader dette kan ha på mor og/eller barn. Sjølv om badstue og bading i naturen kan ha positive effektar på både fysisk og mental helse, er det viktig å vere klar over at kontrastterapi (varm badstue og kaldt vatn) inneber risiko.
Dette kan føre til auka kjernetemperatur, påverke blodtrykket, gi dehydrering og auke risikoen for å svime av. Det er òg lite som er kjent om eventuelle risikoar for det ufødde barnet.
Vi tilrår at du rådfører deg med jordmor og set deg godt inn i temaet før du nyttar badstue under graviditet. Dersom du badar eller brukar badstue medan du er gravid, må du vere merksam på at dette kan innebere auka risiko for både deg og barnet ditt.