Nye ansikt i Spar-butikken frå januar

Eivindvik Brygge Handleri AS tek over drifta av Spar Eivindvik frå 1. januar 2026. Vi har planlagt med at butikken ikkje skal vere stengt i overgangsfasen, berre nokon føremiddagstimar den 2. januar. Vi kjem tilbake med opningstider når vi nærmar oss nyttår.

Her er dei nye ansikta du vil møte i butikken:

 

Anne Meidell Engesæter Røen – Butikkleiar

Anne bur i Nordgulen, i eit hus som har vore i familien i mange år. Ho har solid erfaring frå kultur- og kafébransjen, og bakgrunn frå helse- og omsorgssektoren i Bergen kommune.

Nyleg har ho hospitert i ein Spar-butikk i Bergen, og gler seg til å ta fatt på oppgåvene som følgjer med å forme ein av bygdas viktigaste møteplassar. Nokon kjenner henne kanskje òg frå tida som servicemanager i Team Rynkeby

 

Sirianne Dingen – Nestleiar

Sirianne kjem frå Eivindvik og er eit kjent fjes for mange. Dei siste seks åra har ho jobba som prosessoperatør, men er no klar for nye utfordringar i heimbygda. Ho er bonusmor til ei jente på 10 år, har ei dotter på 1 år og ventar ein gut med termin i slutten av april.

Med stort engasjement for utvikling og for å ta vare på bygda vår, blir ho ein viktig del av laget som nestleiar hjå Spar Eivindvik. Ho vil møte deg med smil og godt humør!

 

Vidar Dahl – Butikkmedarbeidar

Vidar kjem opphavleg frå Færøyane, men har lang arbeidserfaring frå Noreg. Han bur i Nordgulen saman med samboar og dotter. Kanskje har du møtt han hos Tveita Gardsmat eller på Brekkestranda Fjordhotel – stader han har jobba før. No ser han fram til å bidra til at kundane får ei god handleoppleving i butikken.

 

Rune Håvåg – Aktiv medeigar

Rune er eit kjent ansikt for alle med tilknyting til Eivindvik. Til dagleg arbeider han som kaptein på ekspressbåtane, men når han har avspasering, vil han vere med i butikken. Rune har eit sterkt engasjement for distriktsutvikling – både som lokalpolitikar, som frivillig og no som aktiv i oppstarten av Spar Eivindvik. Målet er å skape ein solid butikkdrift som styrkjer servicetilbodet for innbyggarar, hyttefolk og besøkande.

 

I tillegg til desse faste personane, vil fleire ungdomar i bygda jobbe deltid i butikken. Dei får presentere seg etter kvart som dei er klare.

Vi håper å sjå deg ofte i butikken!

                       

Gasta Design