15 % rabatt på trenings- og fritidsklær
15 % rabatt på trenings- og fritidsklede frå Heart of Lule
Eivindvik Brygge / Helsebanken har inngått ein avtale med Heart of Lule – “the most amazing girl”, eit norskeigd klesmerke med hovudkontor på Hommersåk utanfor Stavanger. Her blir alle ideane utvikla og alle produkta designa.
Selskapet er etablert i distriktet og støttar Eivindvik Brygge AS sitt engasjement for lokale initiativ og distriktsutvikling, noko vi set stor pris på.
No kan alle kundar i Helsebanken få 15 % rabatt på heile kleskolleksjonen til Heart of Lule. Her finn du sporty og komfortable klede som får deg til å kjenne deg både sterk og velkledd – anten du trenar, er på tur eller berre vil ha noko som sit godt og ser bra ut.
Korleis bestille?
I Helsebanken finn du QR kode og eit døme på plagg de kan prøve for finne riktig størrelse for eigen bestilling. Eivindvik Brygge kan og ordne fellesbestillingar, slik at evt. retur blir enklare for deg. Stikk gjerne innom kontoret vårt – eller ring oss på 919 09 804, så kan vi ordne bestilling.
På Roll Up innanfor døra finn du QR-koden som gir deg rabatten.
Lykke til!