Trening og PT

Helsebanken er eit ubemanna treningssenter i det gamle bankbygget i Eivindvik sentrum, som er ope kvar dag 06:00 - 24:00.

Du kan trene sjølv om du ikkje bor fast i Eivindvik. Vi har dagspass, tredagers-pass og klippekort i tillegg til ordinær måned- og års- avtaler

Hos oss får du:

  • Moderne utstyr som gjer treningsøkta både effektiv og variert

  • Lyse og trivelege lokale der du kan ta deg tid til deg sjølv

  • Fleksibel tilgang – tren når det passar for deg

  • Eit inkluderande miljø der terskelen for å starte er låg

Vi ønskjer å vere ein stad som gjer det lett å velje ei sunnare og meir aktiv livsstil. Om du er nybegynnar, erfaren eller berre nysgjerrig: kom innom, prøv ei økt og kjenn kor godt det gjer!

Ønskjer du å trene med PT på Helsebanken, kan du ta kontakt med Anne-Britt Molde på SMS: 90 99 71 46.

Du finn Helsebanken i Eivindvikvegen 1092

Dagspass og medlemskap

Opningstid:

Senteret er ope 06:00 - 24:00 kvar dag. Ungdomsmedlem har tilgang 06:00-21:00 måndag til torsdag og 06:00-20:00 fredag til sundag. Senteret er stengt for andre under seniortrening tysdag kl. 10:30 - 11:30.

Besøkande:

Besøkende kan kjøpe dagskort, helgekort, ukeskort eller klippekort med 10 økter. Tilgang til treningssenteret skjer via «boost-system»-appen.

Medlemmer:

Medlemmer får tilgang til senteret via app på telefonen eller med ein kodebrikke du kan kjøpe for 50 kr om du ikkje har smarttelefon.

Slik kjem du deg inn i bygget:

Last ned “Boost system - medlemsapp for treningsenter” på telefonen din. Legg inn telefonnummeret ditt som brukarnamn. Trykk på “glemt passord / gi nytt passord”. Dette får du tilsendt på sms. Logg inn og du ser på nøkkelen din til Helsebanken.

Utanfor inngangsdøra på Helsebanken så drar du til side pila for å “låse opp”, døra gjer frå seg eit lite klikk og du kan gå inn. Registrer deg alltid på di eiga app når du kjem, sjølv om de er fleire som går inn i lag. Da har vi kontroll på antall besøk og kan enklare gjere tilpasningar.

Når du skal ut brukar du brytaren til venstre for døra, hald den inne samstundes som du opnar døra. Velkomen!

Prisar

  • Medlemskap med binding: 390 kr/mnd

  • Medlemskap utan binding: 595 kr/mnd

  • Dagskort:

  • Helgekort:

  • Ukeskort:

  • Klippekort 10 økter: 800,-

Student og senior frå 67 år får 15 % rabatt på ordinær pris. Student må ha gyldeg studentbevis.

Ungdom 13-18 år får 25 % rabatt og 13-15 år må trene i følgje med ein vaksen. Dagspass 105 kr.

Utstyr

  • Manualer opp til 50 kg

  • Treningsapparat som skulderpress, brystpress, knebøy-stativ, lårpress, etc.

  • Kondisjonsapparat:

    • tredemølle, 3 stk

    • spinningsykkel, 2 stk

    • trappemaskin, 2 stk

    • romaskin

    • elipsemaskin, 2 stk

  • Toalett med mulighet for å skifte

  • Dusj med toalett og plass til å skifte

Trivselsreglar

  1. Registrer deg med app eller brikke ved besøk – ikkje slipp inn andre. 

  2. Bruk innesko og passande klede. 

  3. Ver snill og imøtekomande på trening. 

  4. Bruk reint treningstøy og ha god hygiene. 

  5. Gjer det hyggeleg for andre; bruk handkle og tørk av utstyr du har tatt på. 

  6. Her skal det vere fritt for doping

  7. Vis omsyn ved bruk av mobiltelefon. Filming av andre utan samtykke er ikkje tillaten.

  8. Rydd opp utstyr du har brukt. 

  9. Lukk alle vindauge du har opna. 

  10. Slå av lyset om du er sistemann ut. 

Tren med PT på Helsebanken

Viktige indikatorar for god helse er styrke og kondisjon. Dette kan du gjere noko med heilt aleine, men det viser seg likevel at det å søke kunnskap, få system og oppfylging kan vere avgjerande for eit vellukka utfall.

Anne-Britt Molde er utdanna personleg trenar ved AFPT og kan hjelpe deg i gang med trening og å nå målet ditt. Ho har også tilleggsutdanning som mental trenar. Ein personleg trenar tek omsyn til kvart individ, og tilpassar trening og kosthald etter kunden si målsetjing.

Skjelett og musklar treng ytre stimuli for å oppretthalde optimal funksjonsevne. Stillesitjande arbeid er blitt ein alvorleg trussel mot folkehelsa. I fylgje Helsedirektoratet oppfyller berre 3 av 10 nordmenn minstekrava til aktivitet.

Ta kontakt på SMS om du lurer på noko, vil avtale timar, ynskjer meir informasjon eller vil trene utanom Helsebanken.

Anne-Britt Molde: 90 99 71 46 (kun SMS)

Prisar PT (med/utan aktivt medlemsskap)

Prisar utan aktivt medlemsskap inkluderar dagspass i Helsebanken. Dette må kjøpast via vår portal for den dagen trening vert avtalt med PT, eller gjennom PT. Kjøp dagspass her.

  • Enkelttime - 590 kr/ 690 kr

  • Dobbelttime DUO - 790 kr/ 890 kr

  • Individuell treningsplan (30 min samtale og gjennomgang av apparat) - 990 kr

  • Gjennomgang av apparat 60 min - 390 kr

PT klipp

  • 3 timar - 7% avslag på timespris

  • 5 timar - 10 % avslag på timespris

  • 10 timar - 12% avslag på timespris

  • 20 timar - 17% avslag på timespris

Ungdom 13-18 år (sommarpris)

  • Timepris/Enkelttime - 390 kr/ 490 kr

  • Timepris/Enkelttime DUO - 590 kr/ 690 kr

Pensjonistar (sommarpris)

  • Timespris/Enkelttime - 490 kr/ 590 kr

  • Timespris/Enkelttime DUO - 690kr/ 790 kr