Årskort eller binding i Helsebanken? Sjå her.

No er det berre 1 måned til Helsebanken har vore open i 1 år. Det betyr at bindingstida for dei som kjøpte seg trening med binding ved nyopning snart er over. Sjå og informasjon for dei som har årskort nederst i saka.

Minner om binding og oppseingstida i vilkåra som seier:

  • Bindingstida er 12 betalande månader, såframt ikkje anna er oppgitt.

  • Etter bindingstida er ferdig går medlemskapet over i eit laupande avtaleforhald, dersom medlemen ikkje sjølv seier opp avtalen.

  • Medlemskapet er laupande heilt til medlemen sjølv gir skriftleg tilbakemelding om utmelding.

  • Oppseiingstid er 1 månad rekna frå fyrste månadsskifte etter den datoen oppseiinga er motteke.

Det betyr at medlemskapet ditt fortsett som normalt etter bindingstida har gått ut, til 365 kr/mnd for vaksen. Vil du ikkje lenger vere medlem hjå oss, må du sende e-post til post@eivindvikbrygge.no om dette før den 1. i månaden. Sender du oss ein e-post med oppseiing før 1.februar, betalar du og trener ut februar og er ikkje medlem frå 1. mars.

For deg som har betalt for årskort, gjeld same betingelsar som over. Medlemskapet går over i eit løpande avtaleforhold, som er mogleg seie opp, når året du har betalt for er omme. Det betyr at du ikkje får ein ny faktura på eit heilt år med trening til 4150 kr, men at du kvar månad vil få ei betaling på 365 kr (for vaksen). Dette trekkes med avtalegiro. Har du ikkje registrert avtalegiro, vil du få ein påminning på e-post og sms.

Ynskjer du å betale for eit heilt år i same slengen, så kan det ordnast, men då må du sende ein e.post til post@eivindvikbrygge.no for å lage avtalen.

Fortsett god trening hjå oss i Helsebanken.

Una Prestegaard