2023 - vel blåst

Då har årets siste arrangement verte gjennomført hjå oss, og det er på tide med ei oppsummering av 2023. Håpar det har vore noko her for alle i løpet av året. Takk for alle besøk og støtte i 2023. Godt nytt år til alle saman! 💫

  • Året starta med mange arbeidstimer i i bankbygget, og på kontoret, før offisiell opning av Helsebanken i starten av mars.

  • Innkjøp av pizzaomn, ny meny og personale for å drive pizzasommaren hjå oss. Alt kom på plass i løpet av våren, og pizzaomnen var i hus rett før sesongopning.

  • Sommarsesongen vart sparka i gang av Vestlandsfanden i midten av juni, i lag med dei første pizzaserveringane våre. Det var og første helga gjestehamna fylte seg opp.

  • Matservering kvar dag i sommarferien. To veker av dei med @middag.med.godfrey på kjøkkenet og som nattmatsjefer på kaia under UTKANT.

  • Fyrsafari til Utvær kvar fredag frå kaia ved butikken.

  • Overnatting gjennom heile året av pilegrimar, arbeidsfolk og festivalgjestar.

  • Opninga av Instagram-konto og oppfrisking av heimesida vår, bl.a. med nye bilete av Sanne.

  • Godkjenning som pilegrimsherberge/hotell.

  • Anleggsarbeidet til ladestasjonen for el-bil starta. Prosjektet vart ikkje ferdigstilt i år, men me håpar det vidare arbeidet startar på nyåret. Ladestasjon klar til sommarsesongen 2024 hadde vore ideelt.

  • Startskotet for jubileumsåret til tusenårsstaden, Gulatinget, i september. Me holdt restaurant i lag med “Middag med Godfrey”, yoga, fellestur, guiding og fellesbad.

  • Quiz, bingo, pub og dans i løpet av året, bl.a. dans som avslutning på sommarsesongen i midten av august.

  • To kvelder med paint’n sip med Susan Norman.

  • Møtelokaler og nokre store gruppemiddagar har me og stått for. Og me har fått vist fram arbeidet vårt til bl.a. Alfred Bjordal og formannskapet.

Arrangementene som har vore gjennomført i år, ei god liste å ha for å evaluere året og sjå på kva med burde få til i 2024:

  • Laurdag 4.mars - offisiell opning av treningssenteret “Helsebanken”. Kom og sjå mellom kl. 11 og 15. Vi tilbyr hjelp til innmelding, ein titt på senteret og 10.klasse held salg av kaffe og anna.

  • Laurdag 11.mars - pubkveld med quiz på Gulating hotell. Dørene opnar 20:30, quiz kl. 21:00. Gje ein lyd om du manglar lag.

  • Laurdag 18. mars og søndag 19. mars - treningsveiledning i Helsebanken for dei som har booka time.

  • Fredag 21. april - “Paint and Sip” med Susan Norman kl. 20-22. Bindande påmelding.

  • Fredag 21.april - Pubkveld frå kl. 22:30-02:00.

  • Fredag 2.juni - quiz med pubkveld. Dørane opnar 20:30, quiz 21:30 (denne gangen prøvar me å vere presis). Gje ein lyd om du manglar lag.

  • Fredag 9. juni - Restauranten opnar for sommarservering. Sjå under “restaurant” for detaljar om opningstider og meny.

  • Laurdag 10. juni - Konsert med Vestlandsfanden. Bjørn Engelbrektson spelar muiskk før og etter. LFotball vert Meir informasjon og kjøp av billett her.

  • Fredag 23.juni - Pubkveld med bingo. Sal av brett startar kl. 21, bingo frå 21:30.

  • Måndag 26.juni til søndag 2.juli: Middag med Godfrey tek over kjøkkenet hjå Eivindvik brygge og serverer tamilsk mat. Foreldra derias er opprinneleg frå Sri Lanka og denne veka deler dei mattradisjonane med oss.

  • Laurdag 22.juli - quiz og pubkveld frå kl.21. Vil du ha pizza må dette bestillast før kjøkkenet stenger kl. 21. Quiz ca. 21:30.

  • Måndag 24.juli til søndag 30.juli: Middag med Godfrey tek over kjøkkenet hjå Eivindvik brygge og serverer tamilsk mat. Foreldra derias er opprinneleg frå Sri Lanka og denne veka deler dei mattradisjonane med oss.

  • Laurdag 12.august - Eivindvik challenge på dagtid, sjå Eivindvik idrettslag sine sider for info. På kvelden vert det trubadur og pubkveld hjå oss.

  • Søndag 13. august - siste opningsdag for restauranten denne sommaren. Pizzaservering frå kl. 16-21.

  • 8.-10.september - med jubileumsopning på Gulatinget laurdag 9.september skjer det ein rekke arrangement og aktivitetar i Eivindvik. Sjå innlegg nederst på sida for meir informasjon.

  • Fredag 8.september - restaurant “Middag med Godfrey”, quiz kl. 22, inngang frå kl. 21:30, og pubkveld. 18 års aldersgrense på quiz og pub.

  • Laurdag 9. september - flow yoga som passar for nybegynnarar i underetasjen på hotellet kl. 11 (vaksne) og kl. 12:25 (ungdom), samt “Middag med Godfrey” på kjøkkenet.

  • Laurdag 30.september - Pizzaservering frå kl.16 i restauranten og “ta med heim”. Pubkveld frå kl. 21-02:00.

  • Laurdag 30.september - “Paint and Sip” med Susan Norman kl. 20-22. Bindande påmelding.

  • Fredag 27.oktober - Pizzaservering frå kl.16 i restauranten og “ta med heim”.

  • Fredag 27.oktober - Pubkveld og quiz frå kl. 21:30. 18 års aldersgrense.

  • Onsdag 6.desember - Årsmøte i Ytre Sogn Turlag kl. 17:15-19:15. Dei spanderar pizza og brus.

  • Fredag 22.desember - Pizzaservering frå kl.16-21 i restauranten og “ta med heim”.

  • Fredag 22.desember - Pubkveld og quiz. Quizen startar kl. 21. 18 års aldersgrense.

  • Fredag 29.desember - Pubkveld med live musikk frå Ronny Fløholm, einmannsorkester. Dørane opnar kl. 21, musikk frå kl. 22. 18 års aldersgrense og 200 kroner for å kome inn.

Una Prestegaard