Kontorlokale

 
 

Kontorlokale til leige midt i bygdesenteret vårt, med sjøutsikt og kort veG til kajakk, båt og fjellturAr.

Heilt ytterst i Sognefjorden finn du oss. Plassert i en lun vik, med sjøen, fjellet og fjorden rett ved. Her kan du finne roen, sjølv på kontoret. Eivindvik kontorbygg har pusset opp eit lokale med åtte kontorplassar. Her ynskjer me å skape eit kontorfellesskap for deg som har ein liten arbeidsplass og ønsker å vere ein del av eit fellesskap, for deg som sitter på heimekontor, eller for deg som vil flytte kontoret til ein ny lokasjon. Lokalet har til nå fungert som ein delt arbeidsplass mellom fleire bedrifter og ansatte som vanlegvis ville hatt heimekontor nokre dagar i veka, eller heile veka.

Fasilitetar

Sju av åtte kontor har sjøutsikt. Tre av desse ser mot innseglinga til Eivindvik. Kontorlokala er plassert midt i Eivindvik sentrum, eit steinkast frå eit nyopprettet treningssenter, matbutikk og med parkering rett utenfor inngangsdøra.

Kontora har kontorpultar og kontorstolar. Dei er per dags dato ikkje utstyrt med skjermar. Lokalet innehar eit møterom med bord og åtte stoler, ein kjøkkenkrok med kjøl, frys og oppvaskmaskin, printer, to toalett og ein sofakrok ved inngangspartiet.

To av kontora er så store at dei kan passe for to personer i ein felles bedrift. Det er mogleg å leige eit eller fleire kontor, avhengig av om du kjem "ålene" eller med ein bedrift. Tilpasningar til kontora kan gjerast.

Kontakt

Ta kontakt på e-post, post@eivindvikbrygge.no, for en visning av lokala eller pris for leige, eller legg igjen telefonnummeret ditt for ein prat om kva du treng på ditt kontor.

Ta kontakt om det frister å bytte ut byen med sjøutsikt og kortare reiseveg til kontor, fjellturar og båtlivet. Les artikkelen hjå NRK om fjernjobbing på Hovden her, og bli inspirert til å gjere det same i vår vestlandsbygd.