Helsebanken er 1 år!

Hipp hurra. I dag er Helsebanken offisielt 1 år. Takk til alle medlem som har vore med oss frå start, og alle som har komt til i løpet av året.

Dagspass, vekespass, tre-dagarspass, påskepass, juletrening, årskort, månadstrening, månadstrening med binding og utan binding. Ungdom, studentar, vaksne og seniorar. Til deg som trenar ofte og til deg som gjerne har lyst til å trene. Til saman gjer de at treningssenter i bygda har fungert det siste året, og at ein kjenner at alle timane i hvelvet har vore verdt det.

Frå no av startar den skikkelege ilddåpen for Helsebanken - kor mange av deke vert med oss endå eit år? For me håpar at me etter kvart får feire både 5 og 10 år. Då skal det nok vere litt meir konfetti og stas enn ein post på nettsida.

Me tek i mot ris og ros, helst på e-post. Fortsett god trening hjå oss.

Una Prestegaard