Restaurant sommar 2023

Me er så glade over å kunne sei at restauranten vil vere open frå kl. 16 - kl. 21 i høgsesongen sommaren 2023. Sesongen opnar med eit brak, sol og sommartemperaturar fredag 9.juni og konsert med Vestlandsfanden 10.juni.

På menyen vert det pizza frå vår nye pizzaomn. Kom innom for ein matbit, fin utsikt over innseglinga til Eivindvik, tips til fotturar eller noko godt i glaset. Andre arrangement eller utvida opningstider i samband med pub eller ein pop-up lunsj vert annonsert på heimesida, facebook-sida vår og instagram @eivindvikbrygge. Er de ein stor gruppe og ynskjer servering eller event utover opningstida vår, nøl ikkje med å ta kontakt: booking@eivindvikbrygge.no eller på messenger. Legg igjen telefonnummeret ditt om du vil me skal ringe deg opp.

Opningstidene er som fyljer:

JUNI

  • Helgeopent frå 9.juni: kl. 16-21 (fre) og kl. 14-21 (laur & søn).

  • Frå onsdag 21.juni: kvar dag frå kl. 16-21.

JULI

  • Kvar dag frå kl. 16-21.

AUGUST

  • Helgeopent fram til søndag 13.aug: opent kl. 16-21 (fre) og kl. 14-21 (laur & søn).

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Pizzameny sommar 2023

Neste
Neste

Arbeid på kai: ladestasjon og utfylling i sjø