Pizza, pub og quiz fredag 27.oktober

Neste pizzaaften på hotellet vert fredag 27.oktober, kl. 16-21. Perfekt timing for å «ta med heim» ein pizza i slutten av arbeidsveka eller å starte helga i restauranten vår. For dei som er 18 år eller meir, vert det og pubkveld med quiz frå kl. 21:30. Quizen startar 21:45, om me er presise - noko som har gått ganske bra dei siste månadane.

Så ein takk til alle som tok seg tid til å besøke oss sist me hadde opent; takk til deg som kjøpte pizza i restauranten eller tok med heim, til @susannormanart som lagde til ein kjekk maleaften i underetasjen, og takk til de som tok dykk tid til å bruke kvelden laurdag 30.september hjå oss; på maling eller pubkveld . Det er kjekt å sjå at tilbodet vert nytta når me set i gang.

Vel møtt til oss igjen fredag 27. oktober. I mellomtida: nyt høstferien, Helsebanken og det flotte vestlandsvêret.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Jula 2023 - pizza, quiz og live musikk

Neste
Neste

Seniortrening i Helsebanken fra tysdag 12.september 2023