Osteopat i Eivindvik?

Vi vurderer å inngå eit samarbeid med ein osteopat for å kunne tilby behandling lokalt her i Eivindvik, og ønskjer å kartleggje interessa i bygda før vi går vidare med planane. Vurderingane er no 2 dagar i månaden i alle fall for ein førebels periode.

Osteopati er ei behandlingsform som tek utgangspunkt i samanhengen mellom ulike delar av kroppen, og kan vere aktuelt ved mellom anna:

• Rygg- og nakkesmerter
• Plager i skuldrer, hofter, kne og føter
• Hovudverk og migrene
• Muskelspenningar og stivleik
• Idrettsskadar og belastningsplager
• Fordøyingsrelaterte utfordringar
• Long Covid

Ein osteopat kan òg gi råd om øvingar og treningsformer som passar for deg, enten direkte eller i samarbeid med din personlege trenar (PT).

Den aktuelle behandlaren er Jonas Kristiansen Wolfgang, utdanna osteopat frå Høyskolen Kristiania. Han har særleg interesse for muskel- og skjelettplager, langvarige smerter og idrettsrelaterte utfordringar.

Før vi tek endeleg stilling til om dette tilbodet skal etablerast i Eivindvik, ønskjer vi å høyre frå dykk. Dersom dette er noko du kunne tenkje deg å nytte, set vi pris på at du legg att ein 👍 på vårt FB innlegg. Det vil hjelpe oss med å vurdere behovet for eit slikt tilbod i lokalmiljøet.

Neste
Neste

Få med deg finalene !