Juletilbod i Helsebanken

Det er fem veker igjen av 2023, så kva med å starte med ein ny, god vane allereie no? Helsebanken har eit tilbod til deg som gjerne vil starte opp med styrketrening, eller teste ut fasilitetane våre ut året:

  • TREN UT 2023 for 480 kroner, utan binding.

Medlemskapet finn du i medlemsportalen vår og du betalar med vipps. Medlemskapet opphøyrer automatisk 1.januar 2024. Dette passar også for deg som er heime ei god stund rundt jul.

I medlemsportalen kan du nå også finne vårt juletilbod - for deg som er i Eivindvik i juleferien. Tren frå 22.desember tom. 31.desember for 265 kroner. Utan binding, og betaling med vipps når du kjøpar medlemskapet i portalen vår.

Er det ingen av desse som passar for deg? Då kan du sjå på dagspass til 100 kr, 3-dagarspass til 155 kr eller vekespass til 235 kr. Du finn alt i portalen. For spørsmål send ei melding i messenger eller på e-post til post@eivindvikbrygge.no.

Helsebanken er open heile året, og nokon vil kanskje besøke treningssenteret for første gang dei neste vekene. Vel møtt til trening hjå oss.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Trening i Helsebanken som julegåve?

Neste
Neste

Helsebanken - service på tredemøller torsdag 9.november