«Historia i vindauga»
Vi har fått på plass ei vindusutstilling med store, historiske fotografi som fortel historia om korleis Sandalskaia vart til.
Bileta gir eit innblikk i livet på kaia, slik det ein gong var – Kvart bilete er supplert med forklarande tekst som set motivet i ein historisk samanheng.
Ta deg gjerne eit lite stopp og bli betre kjend med, eller få repetert, historia til kaia – fortald gjennom bilete. Historia er med å forme staden, slik vi kjenner han i dag - og du er med å forme kva Sandalskaia skal bli i framtida.