Dette treng du som kunde å vite om tilbodet i januar 2026
Vi gler oss til å ta imot dykk! I samband med endringane i Spar Eivindvik frå januar av, blir det jobba iherdig i butikken nyttårsaftan etter stengetid og 1. nyttårsdag. Mange har meldt seg til dugnad, og det set vi stor pris på.
Her er praktisk info for overgangsfasen:
Opningstid 2. januar: Vi opnar kl. 12:00. Det tek litt tid å få nye system på plass. Treng du noko akutt? Ring oss på 919 09 804, så hjelper vi med krisevarer.
Bank i butikk og posttenester: Desse tenestene blir operative litt seinare i januar, når alle system er ført over. Men pakker kan hentas i heile perioden.
Vi lanserer snart Spar Eivindvik på Facebook – følg oss der!
Drivstoff: Betalingsløysinga for diesel og bensin kan ta nokre dagar å få på plass. Vi rår alle til å fylle før nyttår!
Vi gjer vårt beste for at overgangen skal gå smidig. Takk for tolmodet – og med ønske om ei fin nyttårsfeiring til dykk alle!