Ungdomar du vil treffe i Spar-butikken frå januar

Eivindvik Brygge Handleri AS har ein profil med ønske om at ungdomar deltek i arbeidslivet og vert synlege i alle servicetilbod.

Dei, du som kunde i Spar butikken fra 1. januar, vil møte som deltidsansatte er :

 

Hedda Marie Palmer Håvåg

Hedda bur i Eivindvik. Ho er sikkert kjent for dei fleste, sjølv om ho har vore eit år i USA på utveksling. No går ho på Austreim videregåande, og vil arbeide deltid i butikken. Ho har arbeidd hos Eivindvik Brygge AS i fleire sommer sesonger.

 

Malin håvåg husevåg

Malin bur i Eivindvik. Ho har du nok treft i butikken tidlegare då ho har jobba både med vasking og i kassen. Vi er glad for at ho har valgt å fortsette her hos oss. Malin går på Austrheim videregåande, første året. Ho vil du stort sett treffe i helgar og kanskje om måndagane.

 

Trym Palmer Håvåg

Trym bur òg i Eivindvik, og du kan ha møtt han når han har jobba på hotellet. Han kjem til å arbeide både i Spar-butikken i Eivindvik, òg i Joker- butikken på Byrknes. Trym trivast godt med å arbeide i butikk, treffe kundar og slå av ein prat. Han vil du treffe i helgar og enkelte ettermiddager.

 
 

Det kjem fleire til etterkvart som vi får etablert oss.

Vi håper å sjå deg ofte i butikken!

                       

Gasta Design