Butikken gjenåpnes etter oppussing
Ei intens periode med oppussing er overstått og endeleg ble vi klare til å opne dørene att. Vi gler oss stort til å ønskje dykk velkomne tilbake!
I veka 4. - 11. juni har det skjedd mykje i butikken. Vi har lagt nytt golv, fått på plass nye hyller og kjølediskar, installert to sjølvbeteningskassar og utarbeidd ei ny planløysing som skal gjere butikken meir oversiktleg og innbydande. Samstundes har vi utvida sortimentet for å kunne tilby kundane våre eit endå betre vareutval.
Oppussinga har vore ein spennande prosess med mykje pakking, flytting av varer og omorganisering. Vi vil rette ein stor takk til alle kundar for tolmodet medan butikken har vore stengd denne veka.
Vi ønskjer òg å takke alle som har bidrege med den innsatsen som har vore naudsynt for å få gjennomført oppussinga. Det ligg mange arbeidstimar bak resultatet, og vi set stor pris på innsatsen frå alle som har vore involverte.
No ser vi fram til å ta imot dykk i ein fornya og oppgradert butikk. Velkomen innom frå i morgon – vi gler oss til å sjå dykk!