Klar for meir energi og styrke i kvardagen
Trening er viktig for alle – uansett alder og livssituasjon. Med personleg oppfølging kan treningsopplegget tilpassast din helse, ta omsyn til eventuelle utfordringar og legge til rette for eit ambisjonsnivå som passar deg.
Vi er stolte over å kunne invitere til foredrag med personleg trenar Anne Britt Molde, som har eit brennande engasjement for trening og korleis fysisk aktivitet kan bidra til ein betre kvardag. Ho vil dele innsikt i korleis styrketrening kan få oss til å kjenne oss sterkare, sprekare og meir robuste – både fysisk og mentalt.
Foredraget denne gangen har særlege tips og råd for dei godt voksne, - passar både for dei som ønskjer inspirasjon til å kome i gang med trening, eller ta steget vidare.
Plakat med presentasjon av foredraget