Jula 2023 - pizza, quiz og live musikk

Er du i gong med å planlegge jula i Eivindvik?

Fredag 22.desember kan du bestille pizza hjå oss i restauranten frå kl. 16-21, eller "ta med heim" litt middag for å lette julestria. Menyen finn du her.

Frå kl. 21 skrus aldersgrensa opp til 18 år og det vert (jule)quiz og pub. Me håpar på ein fin samling for deg som skal feire jula heime eller på hytta, for deg som akkurat har komt deg heim og for deg som treng ein sosial og kjekk kveld for å sparke jula i gang.

Fredag 29.desember kjem Ronny Fløholm, einmannsorkester, og spelar opp til dans for oss. Dørane opnar kl. 21 og levande musikk vert spilt frå klokken 22. Her er det også 18 års aldersgrense. Inngangen er 200 kroner.

I tillegg minne me om at Eivindvik brygge tilbyr overnatting i sentrum heile året, og at Helsebanken er open kvar dag heile året. Når jula nærmar seg vert det lagt ut eit julepass til sals for deg som berre er i Eivindvik i juleferien.

God juleplanlegging og vel møtt til oss i slutten av desember.

Una Prestegaard