Aktivitetar i Eivindvik
Eivindvik brygge kan hjelpe til med organisering av forskjellege aktivitetar som å få guida tur til Gulatinget, transport, fiske- , fotturer og meir. Frå Eivindvik brygge og gjestehamna er det gåavstand til Steinkrossane i Eivindvik, Borgstova, Herresalen og den historiske kyrkja frå 1860-talet. Dette inngår i kulturvandringa. Me har også:
Dagsturhytta Gulakvila
Ein tursti på grusveg som går frå bak kyrkja og kommunehuset, langs prestegårdsmuren og heilt ut til hurtigbåtkaia i Sollitbotn.
Merka turstiar til fjells i ulik vanskligheitsgrad. Sjå nokre turforslag på ut.no.
Idylliske padlerruter med ulik vanskelegheitsnivå. Ro- og padlerutene er merka. Skilt med Qr kode for dei merka rutene i området
Gode fiskeplassar
Små sandstrender og badeviker
Treningssenter med moglegheit for å kjøpe dagspass, tre-dagarspass eller vekespass for tilreisande
Moglegheit for småbåtleige
Nykkelstad langs kystpilgrimsleia
UTKANT, musikkfestival på Skjerjehamn siste helga i juli kvart år. Transport med båt t/r Eivindvik.
Båttur - Har du ikkje båt vil lokal rutebåt ta deg til øyane i vest, og ekspressbåt til/frå Bergen tilbyr komfortable dagsturar til Bergen eller innover Sognefjorden og langs kysten. Nokre somrar har det vore skyss til Utvær frå hamna.
Sjå også kommunen si aktivitetskalender for stort og smått som skjer her i bygda.
I restauranten på hotellet (og gjerne utandørs også når veret tillet det) vil vi ha pub, livemusikk og andre arrangement. Ta kontakt om du vil gjere noko i samarbeid med oss. Me har både biljardbord og elektronisk dart i underetasjen.