8.-10. september - program

Ei helg verd å kome heim for! Gulatinget har jubileumsopning laurdag 9. september med eit program i kyrkja og på tusenårsstaden. Det er i samband med nasjonaljubileet i 2030, kor ein feirar at Noreg har bestått som eit rike i 1000 år. Sjå meir informasjon om nasjonaljubileet her. Fullstendig program for arrangement i regi av tusenårsstaden Gulatinget finn du her.

I tillegg vert det møteplassar og arrangement utanfor tusenårsstaden, i regi av Eivindvik brygge og lag og organisasjoner i bygda. Me håpar du kan finne noko å delta på som passar for deg.

Fredag 8.september
Kl. 15:00-22:00 RESTAURANT

Middag med Godfrey tek igjen over kjøkkenet på Eivindvik brygge og kan freiste med hjort og kylling.

Meny:

Forrett
Cutlet - Fiskekroketter m/ gressløk og hot sauce eller Plantain chips og hot sauce

Hovedrett
Jaffna kyllingkarri // Spinatkarri // tomatsalat

Vegetar:
Jaffna Bønne og potet masala // Spinatkarri // Tomatsalat

Dessert:
Kesari - Semulepudding m/Vaniljeis og skogsbærsaus toppet med bringebær

bordreservasjon - tekstmelding til 91909804

Satt meny: 550kr



Kl. 21:30-02:00 QUIZ

Dørane på hotellet opnar for pubkveld kl. 21:30, quizen startar 22:00. 18 års aldersgrense.



Laurdag 9.september:
Kl. 10:30 FELLESBAD

Fellesbad i sjøen kl. 10:30. oppmøte i Signefjæra nedafor kommunehuset og ved siden av småbåthavna. Dette er den lokale heilårsbading som finn stad kvar laurdag, og sesongen har akkurat starta.

Kl. 11:00-12:00 FLOW YOGA for vaksne

Flow yoga med Vilde Grimelid Oppedal i underetasjen på hotellet. 125kr for vaksne Lån av utstyr til alle som ynskjer det. Timen passar også for nybegynnarar. Påmelding til Eivindvik brygge på messenger eller DM.

Kl. 12:15-13:15 FLOW YOGA for ungdom

Flow yoga for ungdom i aldersgruppa 13-17 år. Passar for alle, nybegynnar, aldri prøvd yoga og dei som har vore borti der før. Pris er 35 kr. Lån av utstyr inkludert i prisen. Påmelding til Eivindvik brygge på messenger eller DM.

Kl. 13:30 - ca.14:15 HISTORISK VANDRING
Historisk vandring i sentrum i regi av Nordgulfjorden Gulen sanitetslag ved Ingrid Hellwege Haveland. Oppmøte ved Borgstova mellom kyrkja og kommunehuset kl. 13:30. varigheit ca. 45 minuttar.

Kl. 15:00 PADLETUR

Felles padletur med Gulen kajakklubb frå Signefjæra kl.15. Gratis for medlem av kajakklubben. Betaling av medlemskontigent på 300kr for andre. Førstemann til mølla for lån av utstyr (kostnadsfritt for alle som er medlem). Turen er vêravhengig. DM eller melding i Messenger til Eivindvik brygge for påmelding. Våttkort og deltaking på eige ansvar.

Kl. 15:00-22:00 RESTAURANT
Middag med Godfrey har middagsservering på hotellet. Informasjon om bordbestilling og meny ser du over.

JUBILEUMSOPNING PÅ GULATINGET

Kl. 19:00 - Foredrag ved professor dr. juris Jørn Øyrehagen Sunde “Guds skjønne døtre” i Gulen Kyrkje.

Kl. 21:00 - På tusenårsstaden vert det overlevering av flammen frå Stiklestad.

Kl. 22:00 - festframsyning av «Rennande blått» på tusenårsstaden. Ei magisk festframsyning ved Karl Seglem, Birk Nygaard og Tone Einelia. Elevar ved skulene i kommunen bidrar til prosjektet i forkant. Sjå heile programmet og meir informasjon på Gulatinget sine sider. Gratis inngang og sal av mat i grindbygget.

Søndag 10.september:
Kl. 12:00 FJELLTUR

Fellesfjelltur kl.12. Oppmøte på parkeringsplass ved kommunehuset. Tur til dagsturhytta Gulakvila, som passar for alle. Turen går vidare til Enivest, her må ein vere meir vant til å gå på fjelltur. Dei som ikkje vert med til Enivest går same vegen ned frå Dagsturhytta.

Una Prestegaard