Velkommen til Eivindvik gjestehamn

  • Gjestehamna har to flytekaier med lengder 40 og 35 meter, i tillegg til kaifront for større båter og bunkring.

  • Her finn du strømuttak og sanitæranlegg med vaskemoglegheiter.

  • Hamna ligg godt skjerma for vær og vind.

  • Betaling via GoMarina og Vipps.

  • Hamneleige for 2023-sesongen:

    • frå 100 kr for inntil 20 fot, til 270 kr for over 51 fot

    • 60 kr for straum i inntil 1 døgn

Matbutikk

I sjølve hamna ligg også daglegvarebutikken i Eivindvik, Spar Eivindvik. Sparbutikken har eit godt utval av daglegvarer, utvalg av jernvarer, gåveartiklar, fiskeutstyr og båtutstyr. Den inneheld også post, bank, tipping og apotekutsalg. Opningstider er måndag til laurdag kl. 09:00-18:00. I fellesferien kan opningstider verte utvida til kl. 20:00.

Bensin & diesel 

Vi har kortautomat for bensin og dieselfylling for bilar og båtar.